Tilbake til hovedside

Sunnmørsposten 17.07.1999

Intens maktkamp i Hjørungavåg
Med større intensitet og betre teknikk vil Maktkampen ved Hjørungavåg nok ein gong benke folk til utescena ved Overåsanden i helga. Då vert Hjørungavågspelet sett opp for åttande gong.

Kjærleik, hat, død, liv og makt alle viktige ingrediensar i Hjørungavågspelet. Historia om slaget i 986 inneheld alt som kan kvalifisere til ein Hjemmet-roman, men manuset, som er skrive av forfattar Wibeke Knagenhjelm, er langt meir enn ei tårefarse.

Hartviksen er attende

Mannen som ønskjer seg større intensitet i spelet heiter Terje Hartviksen. Han er attende i Hjørungavåg, som instruktør og skodespelar i rolla som Håkon Jarl. Hartviksen var også instruktør for spelet då det hadde urpremiere i jubileumsåret 1986. Sidan var han instruktør i 1987 og i 1990.

- Gir mykje

Utanom desse to profesjonelle skodespelarane er det eit stort maskineri av amatørar som gjer det mogeleg å sette opp spelet annankvart år.

Vakker utescene

Sogespelet Maktkamp ved Hjørungavåg vert framført ved nasjonalmonumentet på Overåsanden i Hareid kommune. Hendinga i spelet er lagd til tida før og under slaget mellom Håkon Jarl og danehæren. Henning Sommero har komponert tonane til spelet.

Ekstra framsyning

Årets premiere går av stabelen komande laurdag. Det er i alt sett opp tre framsyningar i år. Dette er ein meir en vanleg. I tillegg til skodespelet vert det gjennomført fleire ulike arrangement. Fredag opnar utstillinga «Smedkunst i vikingtida og i dag» i kommunestyresalen på Hareid Rådhus.

Sunnmørsposten 05.06.2000

Fiskeriministeren til Hjørungavågspelet
Fiskeriminister Otto Gregussen har takka ja til å kome til Hareid, for å opne årets framsyning av Maktkamp ved Hjørungavåg i august.

Same dag vil han også stå for den offisielle opninga av den maritime utstillinga i Odim-hallen som blir arrangert i samband med framføringa av sogespelet. Både utstillinga og spelet går føre seg 19. og 20. august.

Arrangørane meiner Odim-hallen vert eit unikt utstillingsområde i og med at dei viser gamle og nye gjenstander i sitt rette miljø. Dei får låne sikkerheitssona midt i hallen som er fire meter lang og 95 meter lang.

I samband med «Det maritime året 2000» valde Hjørungavågnemnda å la det vere tema under årets framsyningar.

- Vi vil vise fangst, fiske, fiskeforedling og nyare skipsbygging og teknologi. Også krigsåra vert med i utstillinga om vår maritime historie. Men alt starta med fiske, alt frå den første busetnad til dagens moderne skipsindustri. Difor er vi svært glade for å få fiskeriministeren hit, seier leiar for hovudnemnda, Inga Ishild Hareide.

Utstillinga har mange godbitar blant sine hundre gjenstandar, alt med tilknyting til Hareidslandet. Arrangørane har fått låne gjenstandar frå Tampen-reiarlaget, frå Hjørungavåg Verkstad, Ishavsmuseet, Karlsen-reiarlaget, frå private og frå den lokale verkstadindustrien.

Sunnmørsposten

Forelska i Hjørungavågspelet
Den Tora var aller kjærast i, Håkon Jarl, enda ho opp med å hate mest. Og dermed er det duka for intrigemakeri for niande gong i Hjørungavågspelet.

Torill Myren
18.08.2000 00:01:12

Hat og kjærligheit, erotikk, trekantdrama, svogerdrap, svik, glede, moro, tøffingar og feigingar. Maktkampen i Hjørungavågen byr på det meste.

Regissør Terje Hartviksen seier spelet handlar om Håkon jarl sine lyster og laster, Tora og den unge, kristne generasjonen sitt syn på det.

Men Hjørungavågspelet er bygd på og bygd rundt slaget i 986 i Hjørungavåg. Jomsvikingane tapte slaget, men sigerherren, Håkon Jarl, tapte livet - på grunn av sine mange kvinnehistorier.

Vanvittig moro

Hartviksen seier styrken til spelet er dei autentiske omgivelsane, og både han og Anitra Eriksen som speler Tora roser naturen og «sceneteppet».

- Vi er forelska i plassen

-Og i folka som er med i spelet. Vi har det vanvittig moro.

- Det så mange eigegode folk.

- Utruleg.

I år er det ingen nye i rollene. Dermed har regissøren og skodespelarane fått overskot til å finsnekre på stykket. Nokre nye scener er med, og andre er blitt endra.

-Eg trur faktisk det vert det beste spelet nokon gong, seier regissøren - og meiner det.

Anitra Eriksen som har erfaring mellom anna frå Stiklestadspelet, seier ho aldri har sett historisk spel som inneheld så mykje.

- Her er ikkje eitt einaste daudpunkt. Ein vert kasta frå den eine følelsen til den andre.

Og hovudrolleinnehavarane fortel om skifting mellom spektakulære massescener og varaste, mest intime scener.

Livsnerven

Hjørungavågspelet skal visast to gongar laurdag og to gongar søndag. Men før framsyninga opnar «Livsnerven», ei maritim utstilling i ein av hallane til Odim.

Vikingane for vide både på handel, landnåm og andre ikkje fullt så ærerike turar. Men sjømannskap kunne dei, og nordvestlendingane har halde fram med fiske og fangst. Utviklinga fram til i dag skal visast i utstillinga som får dagens høgteknologiske skipsutstyr som bakteppe i Odim-hallen. På utstillinga vert det med alt frå gamle smågjenstandar, som gåver fiskarane laga på friøktene til kjærasten heime, til modell av hurtigruta Kleven Verft bygde.

Fiskeriminister Otto Gregussen skal opne utstillinga. Rein Korshamn og Vox Virorum vert også med og skal fylle hallen med vellyd.

Stempel-godbit

Det er også laga motivdatostempel for Hjørungavågspelet, eitt med dato 19.08.2000 og eit med 20.08.2000. Desse vert å få under arrangementa, og Posten vert til stades for å stemple. Nemnda for Hjørungavågspelet vil selje kort laga til 1000-årsmarkeringa i 1086. Hendinga med motivstempel har stått i filatelistiske tidsskrift, og er dermed kjent over heile frimerke-verda.

Sunnmørsposten

Vikinglandet Nordvestlandet
I helga gjekk det femte vikingspelet på Nordvestlandet av stabelen. Burde dei ikkje samle troppane i eit felles vikingland?

Torill Myren
21.08.2000 00:58:20

Det er Terje Hartviksen som spør. Han er kong Olav i Giskespelet og både Håkon jarl og regissør i Hjørungavågspelet.

Han er opp i måte sjarmert av regionen og spela. Og seier at om han hadde vore turistsjef, så hadde han proklamert eit vikingland prompte.

Hartviksen boblar over, snakkar om Giske og kongssetet der, vikingskipa på Sunnmøre museum, spela og gravrøysene. Han dreg dei store linjene og plukkar ut detaljar.

- I Hjørungavågspelet er det med ei hanefjør som verkar slik at når du viftar under nasa på ei kvinne med fjøra, så får kvinna elskhug til deg. Vi er bodne store summar for fjøra av amerikanarar. Slik fjører kunne vi selt i bøtter og spann.

Men fjøra og det andre må presenterast i ein samanheng.

- Kvifor ikkje lage ei reise i vikinglandet? Turistane kan få oppleve gjennom teater og musikk, men også ta ein tur i eit vikingskip. Vi må lage ein pakke, ei ramme rundt aktivitetane, og då er det samarbeid som må til.

Vil viking-prate

Og folk er positive til å samsnakkast om vikinglandet.

Jostein Korsnes, sjef for det ferskaste spelet, Arthurspelet på Sandsøya, meiner det kunne vore gjort mykje meir av felles marknadsføring enn det er gjort til no. Og han peiker Stadlandet som landemerke for vikingane som kom frå vest, og at Kvamsøya har den største samling av gravrøyser på nordvestlandet. Jau, han er klar til ein vidare prat.

Berit Klepp er leiar for Herøyspelet meiner Vikinglandet er ein interessant tanke, og seier regionen treng å stå i lag. Tanken om viking-fellesskap er ikkje ny, og ho vil gjerne vere med på ein diskusjon om saka.

Arve Tunheim er sjefen for Giskespelet seier spel-arrangørane kan vere med på å spele kvarandre gode, som det heiter i fotball-språket. Han reserverer seg straks mot «plastic fantastic» og kommersielle opplevingar i Disney-stil, men vil vere med å selje ekte vare - og også han vil vere med på å diskutere ein viking-region.

Maritim historie

Tor Erik Standal ved Sunnmøre museum seier dei gjerne med på å diskutere alt som kan framskaffe kunnskap om fortida.

Og reiselivsmann og hotelldirektør ved Ulstein hotell, Jan Heggheim, kan også tenke seg å vere med på praten. Men han ser føre seg at eit vikingland må vere ein del av marknadsføringa av regionen. Vikingane sitt sjømannskap er grunnlaget for ei stor maritim historie og eit unikt næringsliv - som også kan seljast i turistsamanheng.

Sunnmørsposten

Rørt til tårer over maktkampen
Det trilla ei tåre eller tre over kinnet til Wibeke Knagenhjelm (81) då ho kom til spelplassen. Forfattaren av Maktkamp ved Hjørungavåg var endeleg tilbake på Overåsanden.

Det er så mangt Eirik jarl (Ole Frank Bakken) er ueinig med far sin, Håkon jarl, om. Mellom anna har Eirik teke til seg den nye trua, trua på Kvitekrist.

Torill Myren Roger Engvik (foto)
21.08.2000 01:00:10

Det har blitt fleire år sidan Wibeke Knagenhjelm såg Hjørungavågspelet, men i år var ho tilbake. Og ved gjensynet og minna om det første året med mellom anna Kong Olav som heidersgjest, måtte ho gråte aldri så lite. Utover i spelet var det også enkelte scener som var ganske rørande, fortel ho, og meiner at spelet berre bli betre år for år.

Hjørungavågspelet er nok eit eksempel på fruktbart samspel mellom amatørar og profesjonelle, og det er nok eit spel som er lim for bygdene. Folk i alle aldrar og frå alle miljø samlast om eit felles mål - som styrker deira eigne og sambygdingane sine røter.

I Maktkamp ved Hjørungavåg er det også med på å styrke kjennskapen til historia til nordmenn flest. Slaget ved Hjørungavåg var verkeleg nok, og avgjerande nok for utviklinga i landet vårt.

Kongstankar

Håkon Jarl kom til Skuggen gard med familien sin og mannskapet sitt, for å halde ting. Her leikar han og kona hans, Tora, seg med kongstankar. Dei vil gjerne ha meir makt, men på vegen dit mister dei mykje.

Tora ofrar sin eigen bror, for at stesonen, Eirik Jarl, skal kome i betre posisjon til å ta over makta. Men då Håkon ofrar sonen deira i slaget mot jomsvikingane, for å blidgjere gudane og vinne slaget, så er ho djupt fortvila over dette. Scena der trollkvinna manar fram kva som skjer i slaget er sterk. Kvinnene som ventar på menn og søner høyrer om drapa og offer av ein son, om mørkret som legg seg og om danehæren som rømer.

Spelet spelet på den vakre naturen i Hjørungavåg, og bruker store område. Det er vakkert, men kanskje tek innmarsjen til deltakarane litt lang tid. Først då alle aktørane samlast i Gildehallen vert det verkeleg liv og nerve i spelet. Spenninga dirrar då Skofte, svoger til Håkon, og Eirik, son til Håkon, knivar om hans gunst.


Manar til kamp

Medan Håkon og hans menn ropar taktfast på Odin, reiser Eirik seg og forkynner at han hentar styrken frå Kvitekrist. Det blir møtt med buing, og Skofte rykker opp frå den nederste plassen ved bordet til plassen nærast Håkon.

Håkon presterer også å audmjuke Tora framfor augene på alt folket, og dermed yppar ho Eirik til maktkamp, til å ta over etter far sin.

Så kjem jomsvikingane og slaget. Mana fram av trollkvinna. Ingen slost og herjar på spelplassen, men slaget vert levande i fantasien til publikum.

Midt i mellom

Levande på spelplassen blir det så igjen når hovudet til ein fanga danske flagrar gjennom lufta. Håkon vil halshogge fangane sine. Eirik tilhøyrer den nye tid, vil prate med dei og tilbyr dei grid.

Den hissigaste motstandaren blir med han austover, der det er mangt å hente om den nye trua. Håkon går tilbake til sitt gamle. Tora blir ståande midt i mellom. Ho vil, men får ikkje vere med Eirik. Til Håkon vil ho ikkje, men til han blir ho boden.

Wibeke Knagenhjelm kan trygt vere rørt over gjensynet med Hjørungavågspelet. Ho har skapt eit manus som innbyr publikum til deltaking i maktkampen.


Tilbake til hovedside