Gler seg til å vere vikingar

I år bur det fire tvillingpar på Skuggen Gard når teppet går opp for Maktkampen ved Hjørungavåg i midten av juni.

 

-Vi skal spele vikingar fordi det var eit slag her i Hjørungavåg i vikingtida, og det blir veldig kjekt.

Kommentaren kjem frå ei i 5.klassa ved Hjørungavåg skule då dei fekk prøve litt av drakta si for første gong sist måndag.

Dei veit vel kva det å vere skodespelar går ut på, og dei har gledd seg heilt sidan dei i haust vart spurde om å vere med. Dei fortel at  vikingane kriga  rundt år 1000. Ikkje så gale når slaget skjedde i 986.

Alle skuleborna i Hjørungavåg har kjennskap til slaget, det ligg i læreplanen. Men også andre born som har vore med, har fatta interesse for norsk historie.

3. juni flyttar dei inn på Skuggen gard på Overåsanden.  Her skal dei øve i lag med dei andre skodespelarane fram til premiera 15. juni.  Dei veit at det vert mykje venting, at dei blir kommanderte til å gå hit og dit. Men gler seg gjer dei like vel. For dei tykkjer det skal bli moro å spele teater. Det har mange av dei gjort fleire gonger før på skulen.

Planlegginga for den komande framsyninga er i rute.

 

 

Tilbake til hovedsida

 

 Elevane i 5.klasse ved Hjørungavåg skule. Framme frå venstre ser vi Håvard Mork, Susanne Bigset Brandal, Erlend og Martine Brandal Øvrelid, Astrid og Oline Ertesvåg og Sara Brandal Bigset. Martine og Elise Folgerø Sandnes var ikkje til stades denne dagen. Bak dei står resten av klassa, som gler seg til å spele teater.